Ei aksjonsgruppe som ønskjer ei oppheving av vedtaket om at Hornindal skal slå seg saman med Volda, har samla inn 330 underskrifter, melder NRK Sogn og Fjordane.

Aksjonistane ønskjer at kommunestyret tar opp saka på nytt, og ifølgje reglane for innbyggjarinitiativ, har dei truleg klart målet med god margin.

– Vi som har vore ute på bygda med lister og har fått mange gode tilbakemeldingar, men ein del vegrar seg for å skrive under. Dei vil ikkje stå med fullt namn, så det er meir støtte for aksjonen enn det som kjem fram i tal på underskrifter, seier han til kanalen.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no