Ein ung gut er laurdag brakt til Ålesund sjukehus etter å ha vore under vatn i eit basseng. Hendinga blei varsla til AMK og det er ukjend kor lang tid guten var under vatn.

Guten var ved medvit etter at det vart utført hjerte- lungeredning på staden, opplyser operasjonsleiar John Kåre Flo hos politiet på Sunnmøre til smp.no.

Hendinga skjedde ved varmebassenget ved Volda sjukehus og guten blei brakt til Ålesund med luftambulanse, ifølge ei Twitter-melding frå politiet.

Like før klokka 14 melder sjukehuset at guten er lettare skadd og at tilstanden er stabil. Ifølgje politiet var guten innlagt for observasjon.