– Vi er redde for cruisetrafikk i Hjørundfjorden. Vi ynskjer at fjorden skal vere noko anna enn Geirangerfjorden, og skal ha ein anna verdi.

Det sa reiselivssjef Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre på eit møte i Ørsta i førre veke, melder Møre-Nytt.

– Med cruisemarknaden kan vi miste kontrollen på produktet vårt, og vi har så mykje anna å byggje i Hjørundfjorden, sa Vik.Han fekk støtte frå Bjarne Rekkedal, styreleiar i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre:

– Skrur vi tida ti år fram så vil det vere galskap å ta i land 2.000 menneske på Sæbø, sa Rekkedal.Vik peikte på kva for potensial Hjørundfjorden har som turistmål for spesielle opplevingar:

– På High camp på Sæbø tidlegare i år vart 250 billettar utselde på eit blunk, sa Vik.