Ein bil har hamna utfor vegen på E39 ved Rjåneset i Ørsta melde politiet ved 17.25-tida måndag ettermiddag.

Politiet fekk med ein gong opplyst at ein mann hadde teke seg ut av køyretøyet. Vedkomande slapp tydeleg utan alvorlig skade og blir brakt med ambulanse til legesjekk, ifølgje ei Twitter-melding frå politiet på Sunnmøre.

Ifølgje politiet har sjåføren sovna bak rattet og kjørt av vegen. Førarkortet blir derfor beslaglagt og saka vil få eit rettsleg etterspel.

Det er ikkje opplyst om trafikale problem i samband med ulykka.

Både ved Skodjebrua og på Moa i Ålesund er det meldt om trafikkulukker i ettermiddag. Ingen personar skal ha fått alvorlege skader i nokre av hendingane.