Måndag denne veka vart det delt ut Powerbank-ladarar til studentar ved Høgskulen i Volda av eit eksternt firma.

Og, melder skulen på heimesidene sine: Tysdag morgon har ein av desse ladarane truleg tatt fyr under lading.

- Det ser ut til å gå bra med studenten dette gjeld, men høgskulen rår studentar til mellombels ikkje å bruke desse ladarane, heiter det.

Ifølgje VG låg studenten og sov, då ekstraladaren tok fyr ved sida av senga.

– Dette kunne ha gått skikkeleg ille. Eg har snakka med han som fekk ladaren, og det ser ut som det går bra med han. Han har vore på legesjekk i dag, men eg har ikkje vore i kontakt med han etter det, seier rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda til VG.

Avisa har vore i kontakt med studenten, men han ønskjer ikkje å uttale seg om hendinga. Om ladarane heiter det at dei vart delt ut av selskapet Hold, på vegne av Norsk Tipping. Hold er ein mobilapp som lønar studentar for å ha fokus på skulen, og ifølgje VG er det delt ut i alt 780 powerbank-ladarar på ein skuleturné som i tillegg til Volda omfattar Halden, Grimstad, Kristiansand, Stavanger og Bergen.