Sluttar på høgskulen

Jacob Kjøde jr. ønsker å gå av neste sommar.

PENSJONIST: Jacob Kjøde jr. har varsla at han sluttar til neste sommar. ARKIVFOTO: KNUT ARNE AARSET 

Søre

På møtet i høgskulestyret 8. september gav høgskuledirektør Jacob Kjøde jr melding om at han går av med pensjon når han fyller 70 år i slutten av juli 2017.

– Dette er i tråd med reglane i staten. På neste styremøte 28. oktober vil høgskulestyret diskutere både styringsstruktur og utlysing av direktørstillinga, opplyser rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda i ei pressemelding.

Jacob Kjøde jr har vore direktør ved høgskulen sidan september 2001. Han kom då frå stillinga som direktør for Volda sjukehus – og var før det fagleg tilsett på det som den gong heitte Distriktshøgskulen i Volda.