Ein bilfører enda med å køyre inn i ein murkant på E39 i Eid, melder politi i Sogn og Fjordane tidleg torsdag.

Føraren skal ha gjort ein unnamanøver for å unngå å treffe eit hjortedyr i vegen.

Ingen personar blei skadd i trafikkuhellet som skjedde mellom Lotetunnelen og Nordfjordeid, ifølgje ei melding på Twitter.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no