– Det var fleire hundre i garnet, og dei låg som ei pølse. Dagen etter flytta eg garnet 500 meter, og eg fekk like mange, fortel hobbyfiskaren.

Garna stod på grunt vatn ved Hundeidvik.

– Heile botnen er dekt av kråkebollar. Eg har fiska her i 35 år og aldri sett maken, seier hobbyfiskaren.

Fleire typer Det var både vanlege og langpigga kråkebollar i garnet, men flest langpigga. Foto: Privat

Langpigga art

Nokre av kråkebollane var av den vanlege sorten. Men det fleste hadde lange piggar. Bileta viser at det sannsynlegvis er snakk om ein art som vert kalla langpigga kråkebolle.

I 2014/2015 observerte pensjonert forskar Astri Woll eit liknande fenomen i Midsundet.

– I oktober og november registrerte eg store mengder av den langpigga kråkebollen i småbåthamna i Breivika. I løpet av desember og januar auka mengda. Dei har spreidd seg ut over området, frå nokre meter og ned til 10 meters djup, fortalde ho til Romsdals Budstikke.

Også i andre delar av Romsdalsfjorden var det kråkebolleinvasjonar denne vinteren.

– Truleg med temperatur å gjere

Astrid Woll reknar med at det er same arten som no dukkar opp i store mengder Hundeidvika.

– Vanlegvis lever desse kråkebollane på djupare vatn, men no har det tydlegvis kome opp til overflata. Det har truleg med temperaturen i sjøen å gjere. Dei likar ikkje varmt vatn, seier Woll.

Dei langpigga kråkebollane er glupske skapningar: – Dei samlar seg i flokkar, spesielt der det er tare, og er altetande, seier Astrid Woll.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no