Oppussinga med sliping av golv starta måndag. Først etter tre dagar, torsdag føremiddag, vart det tatt prøver for å påvise om det svært helsefarlege stoffet asbest finst i det gamle golvbelegget eller i limet som vart brukt.

– Det er slipt golvbelegg som vi fryktar kan innehalde asbest, seier einingsleiar Robert Myklebust i Herøy kommune.

Sidan måndag har det blitt slipt gammalt golvbelegg ved Bergsøy skule. Først torsdag vart det sendt inn prøver for å undersøke om det er asbest i det gamle golvet. Foto: Smp-tipsar

Torsdag vart Arbeidstilsynet kobla inn.

– Det er ikkje sikkert at det er asbesthalding materiale som er slipt. Dette vil vi no følgje opp frå vår side, og finne ut kva som har skjedd, seier tilsynsleiar Jan Erik Rinnan i Arbeidstilsynet.

Det farlege med asbest er dersom folk pustar inn asbeststøv. Asbeststøvet festar seg lett i lungene, og kan føre til lungekreft seinare. Sjølv svært lav eksponering er farleg, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Herøy kommune håper å ha svar på prøvene fredag morgon. Inntil vidare står oppussingsarbeidet på vent.

Golvbelegg og lim kan innehalde asbest

– Før 1980 kunne det vere asbesthaldig materiale i limet. Det kan også vere asbest i golvbelegget, seier tilsynsleiar Jan Erik Rinnan i Arbeidstilsynet til Sunnmørsposten.

ARKIV. Robert Myklebust er eigedomsleiar i Herøy kommune.

Dei eldste romma som no blir pussa opp er langt eldre, frå 1957. Totalt fire klasserom og tre korridorar er under oppussing, ifølgje Myklebust i Herøy kommune.

Tidlegare har det vore mistanke om asbest ved skulen, seier Myklebust.

Han vil ikkje no kommentere kvifor det ikkje på førehand vart sjekka for asbest i det gamle golvet.

– Det er eit av spørsmåla som også Arbeidstilsynet har, seier Myklebust.

Stengde først av éi fløy

Tysdag vart den eine fløya under oppussing stengd av, fortel Myklebust. Først torsdag vart det sendt inn prøver av golvet og av lufta på skulen for å sjekke for asbest.

Arbeidstilsynet fekk vite om saka torsdag føremiddag, ved at Sunnmørsposten tok kontakt etter eit anonymt tips.

Ein tipsar fortel til Sunnmørsposten at støvet frå slipinga har sirkulert fritt i etasjane som er under oppussing. Naborom har ikkje ved oppstarten av arbeidet blitt isolert med plast, maskeringstape og liknande. Dermed har støv kome inn på klasserom, lærarrom og så vidare.

Myklebust i Herøy kommune stadfester dette.

Ifølgje tipsaren har også skulekjøkkenet stått med opne dører under arbeidet.

– Personleg er eg overtydd om at dette er eit dårleg gjennomført oppussingsarbeid og eit hastearbeid utan skikkeleg sikring, skriv vedkomande i ein epost til Sunnmørsposten.

Usikkert for elevane

Skulen skal etter planen opne igjen måndag etter haustferien. Dette er no usikkert. Først når svaret frå prøvene kjem kan det takast stilling til kva som skjer vidare.

Ifølgje Myklebust er det tatt prøver både av materialet i golvet og av lufta.

– Dette blir ein spanande dag. Vi håper å ha svara tidleg i morgon, seier Myklebust torsdag føremiddag.