– Det er ikkje funne asbest i støv og luft per i dag.

Det seier Svein Arne Laugen ved arbeidstilsynet etter å ha vore i møte med Herøy kommune fredag ettermiddag.

Dette er eit førebels resultat.

Prøvene er teken av Polygon Ørsta AS og testa ved Sintef Molab AS i Mo i Rana, opplyser Herøy kommune.

Fredag vart det tatt ytterlegare prøver i skulens hovudetasje av lufta og av golvbelegg og lim.

Svara på desse prøvene er venta måndag.

Fann asbest i golvbelegg i korridorar

Samtidig viser prøvene at det er funne asbest i golvbelegg på «Borga».

– Prøverapportane stadfestar funn av asbest i golvflis i korridor i byggets hovudetasje samt i golvflis i korridor ved Internasjonal skule, opplyser Herøy kommune fredag ettermiddag.

– Golvet i korridor i byggets hovudetasje er no forsegla med nytt golvbelegg, medan fløy for internasjonal skule er mellombels stengt for bruk, opplyser kommunen.

Oppussinga på Bergsøy skule, avdeling Borga, starta måndag. Tysdag vart avdelinga for internasjonal skule avstengt.

Først to dagar etter, i går torsdag, sende kommunen inn prøver for å sjekke om det er asbest i golvet som er slipt.

Vil opne skulen onsdag

Det vert arbeidd for å etablere mellombelse lokale for internasjonal skule, medan ein for skulen forøvrig arbeider ut i frå at denne kan opnast for bruk frå og med onsdag, opplyser kommunen.

Måndag og tysdag må nyttast til å ferdigstille det arbeid som er påbegynt men ikkje fullført.

Sjokka

Dette betyr at situasjonen framleis ikkje er avklart.

Leiar i FAU ved «Borga», Kristin Snorradottir Tysse, er svært overraska over at det er mogleg å starte ei slik oppussing utan å sjekke for asbest først.

– Eg er litt sjokka, seier Tysse til smp.no.

– Eg syns heile greia er litt merkeleg. Dersom der er mistanke om asbest, så skal det behandlast som om det er asbest. Alle veit at asbest er farleg, seier Tysse vidare.

Arbeidet vart stoppa ved austfløya (internasjonal skule) tysdag og skulen elles onsdag, etter mistanke om spreiing av asbesthaldig støv i bygget.

Eldre enn 1980

– Før 1980 kunne det vere asbesthaldig materiale i limet. Det kan også vere asbest i golvbelegget, forklarte tilsynsleiar Jan Erik Rinnan i Arbeidstilsynet til Sunnmørsposten i går.

Dei eldste romma som no blir pussa opp er langt eldre, frå 1957. Totalt fire klasserom og tre korridorar er under oppussing, ifølgje einingsleiar Robert Myklebust i Herøy kommune.

– Det er ikkje sikkert at det er asbesthalding materiale som er slipt. Dette vil vi no følgje opp frå vår side og finne ut kva som har skjedd, sa tilsynsleiar Jan Erik Rinnan i Arbeidstilsynet i går.

Ein anonym tipsar har fortalt at støvet frå slipinga har sirkulert fritt i etasjane som er under oppussing. Naborom har ikkje ved oppstarten av arbeidet blitt isolert med plast, maskeringstape og liknande. Dermed har støv kome inn på klasserom, lærarrom og så vidare.