Ein mann i 20-åra må truleg belage seg på eit opphald i fengsel etter å ha blitt teke i ein fartskontroll i Fosnavåg.

Mannen blei målt til ei fart på 124 kilometer i timen i ei 60-sone av utrykkingspolitiet. Førarkortet blei beslaglagt, ifølgje politiet på Sunnmøre på Twitter.

Ifølgje retningslinjer frå Riksadvokaten «kvalifiserer» ei slik fart til ein dom på fengsel utan vilkår, om de det ikkje ligg føre spesielle mildande omstende.