To bilar var innblanda i ein påkøyrsel bakfrå i Ulsteinvik måndag. Kollisjonen skjedde ifølgje politiet på fylkesveg 61 ved avkøyringa til Varleite.

Føraren av eine bilen blei brakt til sjukehus for behandling etter ulukka, melder politiet på Twitter ved 16.30-tida.

– Vedkomande hadde vondt i ryggen og blei brakt med ambulanse til sjukehus. Etter det vi har fått opplyst, skal ikkje personen vere alvorleg skadd, seier operasjonsleiar Arild Reite ved politiet på Sunnmøre.

Føraren av bilen som kom bakfrå, blei fråteke førarkortet på grunn av mistanke om brudd på vegtrafikklova.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no