Dagen byrja med stillevandring i skogen. Sansane er meir skjerpa då, meiner vegleiaren til gruppa av friluftslivsstudentar i Volda. Deretter sette alle seg i ring rundt bålet. Samtalen vert betre då. Djupe greier står på timeplanen. Kven er vi? Kvar går vi? Kan det verkeleg gå bra med Moder jord?

Markant Nils Faarlund (79) har vore faneberar for verdiane ved det klassiske norske friluftslivet i fleire tiår, og er opptatt både av filosofi og kjennskap til naturen.

– Ein tenkjar har sagt at det er for seint å vere pessimist no, avsluttar læremeisteren i det sola er i ferd med å forsvinne i sørvest, og bålet har slokna.

– Det er forresten eg som har sagt det, legg han til.

Nokre av studentane ler. Andre er nok litt meir usikre på om dette verkeleg er sjølvironi.

Inn i naturen

Den som skal skrive om Nils Faarlund må vege orda. «Natur» må brukast heller enn «miljø». «Kjennskap» i staden for «kunnskap. Og ikkje minst: Det heiter ikkje «kome seg UT i naturen».

– Det er ikkje viktig å få folk UT i naturen. Vi skal INN i naturen, seier Faarlund, og ser litt oppgitt på intervjuaren.

Tilrettelegging

Treng vi skilt, preparerte løyper, vegar, bruer, kjettingar, faste tau og andre tiltak som skal gjere det lettare, og tryggare, å til dømes kome seg opp på Slogen? Midt i granskogen oppom Volda sentrum står mannen som har vore ein sentral premissleverandør i debatten i årtier.

– Så naturen skal vere eksklusivt for dei som er i stand til å bevege seg ut i vill natur?

Pensum rundt bålet Studentar i friluftsliv ved Høgskulen i Volda og rettleiar Faarlund i «samtale i samla krets» under eit undervisningsopplegg denne veka.

– Dette er typisk døme på å spenne beinkrok- å vere usakleg, men eg tar det med godt humør, svarer Faarlund.

Optimist -trass alt

Alt rundt 1910 såg Fridtjof Nansen kva veg det bar med «idretten», påpeikar Faarlund. Den var i ferd med å bli til «sport», og øydelagt av «recorder og alt dette vesen som er innført utenfra».

Kjerneverdiane i det norske friluftslivet er noko anna. Nils Faarlund er den kompromisslause faneberaren. Og han er optimist, trass alt.

– Eg er heilt overvelda over at det har late seg gjere å halde oppe ei slik begeistring for friluftsliv i alle desse åra, når det kommersielle trykket har vore så stort frå reiselivsindustrien, idretten og utstyrsprodusentane. For med dette presset skulle ein tru at det ikkje var noko tilbake av den norske friluftslivstradisjonen, at alt vert redusert til trim og idrett. Men slik er det altså ikkje. Når folk vert spurde så insisterer dei på at friluftslivet har mykje meir ved seg enn det idrettslege.