Volda kyrkje var fullsett torsdag, med 500–600 menneske. Kyrkjerommet var fullt med stormande jubel frå publikum, etter tonar i alle variantar av musikklinja. Arrangørane var musikklinja ved Volda vidaregåande skule. Dei har hatt eit eige fag på skulen der dei lagar til konserten, seier Sætre, og det som har vore mest spennande var å klare å setje opp konserten sjølv.

– Klassa samarbeider veldig godt, så det har gått bra. Kyrkjekonserten er ein smakebit på musikalen vi skal ha i februar, seier Sætre.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

Unikt program

Ein av konferansierane på konserten var Liv-Margrethe Muren Ulvund (18). I år gav musikklinja eit unikt program, der dei tok med forskjellige kulturar og tidsepokar inni musikkopplevinga. For Ulvund var det beste med kyrkjekonserten at soloen gjekk bra.

Ei utfordring for kyrkjekonserten var at tredje klasse arrangerer den, ifølgje Ulvund, og å få dei siste bitane på plass. Men med godt samarbeid vart produktet bra.

Gode opplevingar

Kjetil Eiksund er fagkoordinator for musikklinja i Volda. Eiksund syns det alltid er like spennande med kyrkjekonserten.

– Kvart år har vi nye elevar og nytt repertoar. Sånn som elevane er og kvelden vart, er eg kjempefornøgd! Dei er trygge i situasjonen og gav publikum gode opplevingar, seier Eiksund.

Musikklinjekoret består av 85 elevar, alle tre klassene. Øving med solistar og kor skapar eit godt miljø, ifølgje Eiksund. Han seier at for nokre av elevane er kyrkjekonserten det kjekkaste dei har vore med på.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre på smp.no

Alt frå Mozart til Whitney Houston

– Skuleelevane skal bli kjend med andre sjangrar, enn dei er vand med, gjennom musikken. Vi har sunge og spela alt frå Mozart til Whitney Houston, og opera, pop, kor, klassisk og instrumentalt, seier Eiksund.

Volda kyrkje er ein kjend konsertstad, då kyrkja har god akustikk og klang. Eiksund meiner at det er med å løfte stemninga.

– Eg held meg ung med å jobbe med ungdom, og det gjev meir energi enn kva det tek. Det er utruleg gjevande og kjekt, seier Eiksund.