UDI Midt-Norge avviklar det statlege asylmottaket som Link driv i Volda. Kontrakten går ut med det første og Link har fått beskjed om at den ikkje vert fornya.

– Det er trist både for oss som jobbar der, og dei som bur der. Vi har bygd opp kompetanse, som no forsvinn, seier mottaksleiar André Eiksund.

Volda mottak er eit delvis desentralisert mottak, som fekk sine første bebuarar i november 2008. Mottaket har fra 2014 avtale med UDI om 160 plasser. Nedlegginga har samanheng med redusert behov for asylmottak.

– Vi veit at dette er ein bransje der ting endrar seg fort, men nedlegginga er likevel ovveraskande, seier André Eiksund

Einaste

Etter det Eiksund kjenner til er dette det einaste asylmottaket i Møre og Romsdal som vert lagt ned i denne runden.

Link driv òg eit mottak for einslege mindreårige asylskjarar i Volda.

– Men vi har fått opplyst at dette ikkje vert lagt ned no, seier ordførar Jørgen Amdam.

Mister arbeid

Ved mottaket i Volda er det seks stillingar, men Link har i alt 30 tilsette i Volda, opplyser ordføraren.

Det er også 30-40 tilsette knytt til opplæringssenteret for flyktningar og innvandrarar, som kommunen driv.

– Også læringssenteret må nok bu seg på nedskjeringar i takt med nedgangen på flyktningar, seier ordføraren.

Ordførar Jørgen Amdam i Volda.