Hovenbana i Loen skal ta turistar til toppstasjonen på 1001 meters høgde i løpet av seks-sju minutt.

Lenge hadde den planlagde gondolbana ei budsjettramme på like over 200 millionar kroner. Pålegg frå Vegvesenet og auka utgifter frå energiverket gjorde anlegget 65 millionar kroner dyrare, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Budsjettet for Hoven Loen er no på i underkant av 270 millionar kroner.

Stryn kommune er ein av dei største aksjonærane, men ordførar Sven Flo er ikkje bekymra. Han seier prosjektet likevel er fullfinansiert.

– Vi veit at dette er snakk om å ferdigstille og få alt fullstendig på plass, og det vil alltid vere fornuftig i eit prosjekt. Det er veldig, veldig positivt. Ting er fullfinansiert og vi ser fram til opninga, seier ordførar Sven Flo til NRK.