I eit plastnett bak i bussen fant bussjåfør Håvard Sønnesyn i Nettbuss ei rotte. Passasjeren var spraglete, kvit og brun. No sit rotta på Eggesbøneset i Fosnavåg og ventar på at eigaren skal melde seg.

- Du kunne ikkje tenkt deg å adoptere rotta sjølv då?

- Nei, absolutt ikkje. Eg håper eigeren melder seg snart, seier Sønnesyn.

Kolleagen Øystein Haddal er den som må kontaktast om du saknar rotta di. Heller ikkje han er særleg lysten på å adoptere. Frykta er at det er ei julegave som ingen vil ha, men begge to har stor tru på at dei finn rotta sin heim til slutt.

- Vi har ikkje fått tak i eigaren enda. Men med mat og drikke i kroppen har rotta det fint. Sjåføren fant blindpassasjeren då han skulle parkere for kvelden i går, seier Haddal.

Om ingen melder seg i løpet av dagen blir Dyrebeskyttelsen kontakta.