– Dette er det største samla bustadprosjektet på søre Sunnmøre, seier Roar Eiken, dagleg leiar og eigar av Norgeshus Din Bolig AS som står bak prosjektet.
Ørsta-bedrifta er aktive fleire stader på Sunnmøre, med ulike byggefelt i eigen regi.
– I Engeset Panorama i Ørsta har vi no seld 22 av 27 bueiningar, og her tek innflyttinga til om fem veker, fortel salsansvarleg Frode Tømmerbakk.
– I ålesundsområdet er vi også aktive, mellom anna er vi i gang med Storfjord Allé på Flisnes, der det blir 64 bueiningar. Vi har også Rasmusgarden i Volda og Rystene Panorama i Hovdebygda, berre for å nemne nokre andre. I Hovdebygda blir det også 64 bueiningar, legg Roar Eiken til.
Aller største på søre Sunnmøre
Men no er det altså Håmyra bustadfelt det gjeld, Din Bolig sitt aller største prosjekt i bedrifta si 20-årige historie.
Her er det prosjektert tomannsbustader, firemannsbustader – og lågblokker, totalt 156 bueiningar.
– Er det verkeleg marknad for dette i Volda?
– Ja, det meiner vi. Håmyra er midt i smørauget. Alle får utsikt. Dette er bustader frå 70 til 121 kvadratmeter, med to til fire soverom – og dei ligg på mellom 2,4 og drygt tre millionar kroner, eksklusiv innvendig måling og tapetsering, fortel Tømmerbakk.
– Også tidlegare er det blitt stilt spørsmål om det er kjøparar til alle husa. Etter at Din Bolig hadde sett opp sine første hus i 1997, vart det hevda at no var marknaden metta. Men vi har bygd 1500 bueiningar etter den tid, smiler Roar Eiken.
– Volda har god vekst, folketalet aukar – i tillegg har vi alle studentane som treng ein stad å bu. Så det vil heilt sikkert vere behov for desse nye bustadene i Håmyra, meiner Eiken.
Sjekk interaktivt bustadkart: Dette blir eigedomane i ditt nabolag seld for
Din Bolig melder om tre selde einingar
Til no har tre kjøparar skrive kontrakt med Din Bolig, vidare har Frode Tømmerbakk fleire kjøparar på handa og om lag 25 namn på blokka – slike som har meldt si interesse.
De dyreste boligene i 2015
Bustadene er dessutan Husbank-finansierte.
– Vi trur det er ei stor gruppe i Volda som no er komne i den alderen at dei ikkje lenger har lyst til å ha store hus med hage som dei må ta vare på. For dei vil desse bustadene vere eit godt alternativ, meiner Eiken.
Din Bolig reknar med å starte bygginga av dei første bustadene på nedsida av vegen. Her skal det etter kvart kome 90 bueiningar. Deretter står dei 66 på oversida for tur.
Prisbevisste, kresne sunnmøringer: - Vi har kanskje blitt litt godt vant, sier megler
– Vi ser for oss at det vil ta ca. fem år før alt er ferdigstilt. Vi reknar også med at salet kjem i gang for fullt når bygginga tek til og folk får sjå korleis det blir oppe i Håmyra, seier Eiken.
Han legg til at Håmyra-prosjektet er svært stort for dei, og at dei har jobba med dette prosjektet i snart ti år. No er dei i gang.
Stort behov for arbeidsfolk i Volda
Roar Eiken eig sjølv alle aksjane i Din Bolig AS, som er forhandlar for Norgeshus.
Din Bolig har ni tilsette i administrasjonen i Ørsta, samt fem tilsette i eit dotterselskap. I samband med bygging leiger dei inn tenester frå andre selskap.
– Vi satsar på lokal arbeidskraft. Og det vil det bli stort behov for dei neste åra i Volda, legg Eiken til.
Sidan starten i 1997 har Din Bolig altså bygd om lag 1500 bueiningar på Sunnmøre.
Siste godkjende rekneskapstal er frå 2015. Dei viser at selskapet omsette for 70,3 millionar kroner, og fekk eit overskot på 12,3 millionar.