Under ein luftetur med frue og hunden fekk me ei spesiell oppleving, fortel Lidar Og Marian Wingsternes i Ulsteinvik. Vikebladet skreiv om det først.

– Vi vart først oppmerksam ein sel, ein kobbe, som såg litt bekymra ut nær land rett ved Ryssholmen småbåthamn. Så såg vi ein spekkhoggar ute i Ulsteinfjorden og forstod kvifor, fortel Lidar.

Det var kona hans, Marian, som filma medan Lidar heldt hunden hardt i bandet.

– Først dykka spekkhoggaren, og litt seinare såg me store «bobler» etter haleslaga langs med stranda før den dukka opp der selen hadde vore. Etter kvart såg vi totalt seks spekkhoggara som jaga fram og tilbake langs med stranda i ein halvtime etter sel før dei for utover mot Flø, fortel dei.

– For mi kone Marian kan de høyre at dette var ei stor oppleving, fortel Lidar Wingsternes.