«Ulovleg tvang» og «manglande samtykke» skriv fylkesmannen i rapporten frå Volda. Rapporten vart gjort kjend tysdag etter eit tilsyn på sjukeheimen i Volda i haust.

– I enkelte høve vert det nytta medisin for å unngå motstand, skriv fylkesmannen, og listar opp fleire avvik:

  • Tvangstiltak har blitt vidareført utover eitt år sjølv om det ikkje har blitt fatta nytt vedtak.

  • Det hender at det vert nytta nattdress for å hindre pasienten tilgang til eigen kropp utan at dette er vurdert opp mot reglane i pasient- og brukarrettigheitslova.

  • Det har blitt brukt belte i stol for å hindre pasienten i å reise seg, utan at dette er vurdert opp mot reglane i pasient- og brukarrettigheitslova.

Bytte av helse- og omsorgssjef

No må Volda svare fylkesmannen på korleis dei vil ordne opp.

ARKIV. Svein Berg-Rusten vart for få veker sidan konstituert pleie- og omsorgssjef i Volda. Foto: Svein Nordal

Svein Berg-Rusten vart konstituert som helse- og omsorgssjef for tre veker sidan og fekk rapporten rett i fanget, etter at Jorunn Anne Thomasgard sa opp.

Byttet av helse- og omsorgssjef har likevel ikkje noko med denne saka å gjere, seier både Berg-Rusten og rådmann Rune Sjurgard til Sunnmørsposten.

Frist til april

Berg-Rusten var assisterande helse- og omsorgssjef for den førre helse- og omsorgssjefen.

– Eg var ikkje med på tilsynet. Men no har vi lagt ein god plan for korleis vi vil handtere dette vidare, seier Svein Berg-Rusten til Sunnmørsposten.

– Vi har sett ein frist til utgangen av april med å få plass alt vi ønskjer av prosedyrar, seier han vidare.

– I dialog med einingsleiarane vil eg sørge for at vi har eit system som fungerer. Det er beklageleg at det har vore ein slik veg å gå, seier den konstituerte pleie- og omsorgssjefen.

Tvungen helsehjelp er eit særleg risikoområde.

– Feil avgjersler på dette feltet gir alvorlege konsekvensar, anten det blir utøvd ulovleg tvang eller at pasient med manglande samtykkekompetanse ikkje får nødvendig helsehjelp, skriv fylkesmannen i rapporten.

– Mangla kompetanse og kunnskap

– Ein grunnleggjande føresetnad for å etterleve krav i helselovgjevinga er at tilsette får tilstrekkeleg innføring i regelverket og kunnskap om kva reglane inneber i praksis, held fylkesmannen fram.

Svikten botnar i manglande kompetanse og kunnskap, meiner konstituert pleie- og omsorgssjef Svein Berg-Rusten i Volda.

– 25 tilsette reiste til fylkesmannen i Molde ganske kjapt for å få kursing etter at rapporten var klar. Vi er veldig villig til å sørgje for at vi ordna opp i. Og vi innfører fleire nye prosedyrar som skal sikre at dette blir betre handtert vidare, seier han.

Rådmann Rune Sjurgard er ikkje direkte involvert i saka, men han seier han vil sikre at det blir varige endringar.

– Eg sikrar at dette er prioritert og følgd opp. Vi er audmjuke på at vi må rette opp slike feil når dei oppstår, og at vi får ei varig endring, seier Sjurgard til Sunnmørsposten