Oppdatering: - Det er oppretta sak etter hendinga og begge dei to bilførarane har fått sertifikatet beslaglagt, opplyser politiet.

Naudetatane har rykka ut til ein kollisjon mellom to personbilar, på E39 i Barstadvik i Ørsta, laurdag ettermiddag.

Politiet meldte om hendinga klokka 14.30.

- Det var ein person i kvar bil, og den eine bilføraren klagar over nakkesmertar etter samanstøyten, fortel operasjonsleier Tove Brunvold Holst-Dyrnes til smp.no klokka 15.15.

- Ambulansen har akkurat kome fram, så vi veit førebels ikkje meir om skadeomfanget, legg ho til. Kort tid etter melder politiet at ein av bilførarane blir tatt med til sjukehus for kontroll.

Ifølgje politiet har kollisjonen skjedd som ein påkøyrsel bakfrå. Vegen er ikkje stengt som følgje av hendinga.