Søndag kveld tvitrar politiet i Sogn og Fjordane om fem-seks ungdommar som renn på kjelke på fylkesvegen.

Dette foregår på vestsida av Mannseidet på fylkesveg 618 på ved Selje.

Politiet sender ut meldinga for å advare, etter at ein forbipasserande sjåfør har tipsa politiet.

– Fylkesvegen er ikkje akkurat den tryggaste staden å ake kjelke. Sjåføren meinte dei er til fare både for seg sjølv og andre, seier vakthavande operasjonsleiar Olaug Holme ved politiet i Sogn og Fjordane til smp.no.