LEIAR: Janette Kobbevik Mikalsen er styreleiar i VTI Symjing.

VTI Symjing fryktar at svømmehallen Volda skal bli lagt ned

– Vi kan ikkje drive nokon symjeklubb utan eit 25-meters basseng. Det er umogleg, seier Janette K. Mikalsen, styreleiar i VTI Symjing, til Sunnmørsposten.

Klubben er ikkje mellom dei største, men er svært aktiv – og arrangerer mellom anna det årvisse Julelauget som samlar om lag 200 konkurransesymjarar frå Bergen i sør til Trondheim i nord.

Ordføraren: – Symjehallen har fått dødsstøyten

To basseng best

– Det mest ideelle for oss hadde vore at vi i tillegg til eit basseng på 25 meter også fekk eit mindre opplæringsbasseng, legg Mikalsen til.

Symjehallen i Idrettsbygget i Volda har vore i konsulentane sitt søkjelys. Og no ligg det føre ein tilstandsrapport som seier at hallen kan nyttast fram til 2020.

Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr. seier til avisa Møre at Høgskulen i Volda no står framføre to reelle val: anten ei avgrensa renovering som forlenger levetida med ti år, eller å kutte ut symjehallen.

Det er nemleg Statsbygg som eig symjehallen og Idrettsbygget, og som leiger ut til Høgskulen.

Kjøde jr. seier at ei avgrensa renovering som utvidar levetida til symjehallen fram til 2030, vil koste 20 millionar kroner.

Ei totalrenovering som utvidar levetida til 2050 vil ha ein kostnad på 50 millionar kroner.

Trøbbel for høgskulen: Gamal symjehall kan velte Campus Volda-planar

Kan bli riven

Høgskulen legg til at dersom det ikkje blir noko av renoveringa, kjem Statsbygg til å rive symjehallen, og setje opp ein endevegg på Idrettsbygget. For sjølve gymnastikksalen i Idrettsbygget vil ein behalde.

Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap) seier til Møre at dersom symjehallen vert riven, vil det vere eit naturleg steg for Volda kommune å sjå på moglegheita for å byggje symjeanlegg som ein del av Volda Campus Arena.

Det er aktuelt for Høgskulen å vere ein langsiktig leigetakar i ein slik, ny symjehall, fortel Jacob Kjøde, jr.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

I mellomtida ventar VTI Symjing i spaning.

– Eg håpar politikarane ser nytta av det arbeidet vi gjer. Vi har godt over hundre deltakarar på kursa våre, og vi har eit trettitals konkurransesymjarar, seier Janette K. Mikalsen, styreleiar i VTI Symjing.