Utan snø er det ikkje naudsynt å vente på våren – og det kjem an på om «renovasjonsløysinga» på Eidet mellom Hareid og Ulstein uansett kunne latt seg skjule av litt snø.

Langs den gruslagde sidevegen til fylkesveg 61 har nokon fleire stader plassert frå seg ulike former søppel - som madrassar, ein grasklippar og anna lausøyre, saman med avfall som mjølkekartongar og plast.

Noko er også pakka inn med plastposar frå Søre Sunnmøre Reinhaldsverk, tilsynelatande klart for levering ved renovasjonsanlegget ein knapp kilometer unna.

Ifølgje turgåarar som nyttar området er søppelet plassert ut nyleg.

Har du tips om forsøpling? Send oss dine bilde på 95400400@smp.no eller merk bilde #smpno på sosiale medier.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no