- Vi såg helikopteret lande, det landa rett på sida av ferjekøa på Hareid, fortel Else-Marie Løvik til smp.no.

Ambulansehelikopteret plasserte seg slik at bilar som skulle med ferja til Sulesund måtte vente med å stille seg i kø. Løvik anslår at helikopteret stod der bortimot ein halvtime.

Hos politiet i Møre og Romsdal får smp.no opplyst at det var eit reint helseoppdrag og at politiet ikkje var involvert.