Ein pasient og to tilsette ved ein institusjon er frakta til lege for kontroll etter ei hending i Ørsta klokka 16.30, søndag.

- Ein pasient har røyka på senga med det til resultat at senga tok fyr, melder politiet vel ein time seinare.

- Det dreier seg om ein mannleg pasient dette, og dei to pleiarane som sløkte brannen. Dei er alle eksponert for røyk og sendt til legesjekk, utan at eg har oppfatta at situasjonen er alvorleg for nokon av dei, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård ved Møre og Romsdal politidistrikt.

- Vart nokon evakuert som følgje av brannen?

- Ikkje utover den eller dei som var på rommet, seier operasjonsleiaren. Politiet opprettar sak etter hendinga.

Møre og Romsdal 110-sentral twitra om brannen klokka 16.43. Meldinga gjekk på eit mindre branntilløp i Ørsta sentrum.

- Ein person er eksponert for litt røyk og blir sjekka av helsepersonell, heitte det då.