Måndag kom beskjeden om at søknaden om Master in Media Practices er godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), melder Høgskulen i Volda.

Masteren tek imot dei første studentane hausten 2017, og skal vere praktisk retta.

Studentane får sjølv skreddarsy ein mastergrad med fag, alt etter kva bakgrunn dei har innan medie- og kommunikasjonsfag.

– Journaliststudentar kan for eksempel lage ein radiodokumentar, medan studentar med ei anna bakgrunn kan spesialisere seg og lage ein dukkefilm eller mediedesign, seier dekan Adhild Gregoriusdotter Rotevatn ved Avdeling for mediefag på høgskulen si nettside.

– Det er dette som gjer masteren så spesiell, seier dekanen, som ikkje kjenner til andre i Norge som har noko liknande.

Høgskule får forskingsmillionar Mediebygg klart i 2020