Familien i Ørsta likar dårleg at dei kan få ein veg tvers over hagen på småbruket sitt. I kampen for å stoppe forslaget laga Frode Weider ein originale «reguleringsklage»  som tydeleg fell i smak på sosiale media.

Weider fortel at han laga videoen for å gjere politikarane merksame på korleis dei kjente seg behandla. Og etter å ha sendt den til alle medlemane i formannskapet, blei saka nyleg utsett.

No vil politikarane ta turen på synfaring for å sjå saka med eige augne.

– Eg må seie eg var imponert over haldninga eg blei møtt med frå politikarane. Dei hadde teke seg til å sjå og sette seg inn i saka, seier Weider til smp.no.

Nye tomter

«Det var en gang en familie som kjøpte et lite småbruk», innleiar stemmen hans på videoen.

Her fortel familien korleis dei opplever at småbruket dei kjøpte i 2011 blir øydelagd. Først var det aktuelt å bygge ut nye tomter både på ein eigedom bak småbruket og på sjølve småbruket. Weider likte det ikkje, men tenkte at dei iallfall fekk tene litt på jorda.

Men då kommunedelplanen blei vedteke, sette Fylkesmannen ned foten og ville behalde deira jord til LNF-område. Enden på den delen av historia, blei at det ikkje vart tomter på jorda til familien Weider.

At det no risikerer å få ein ny veg delvis over den same jorda, er vanskeleg å forstå skal vere rettferdig, seier Weider.

Saka er tidlegare omtala i lokalavisene Møre og Møre-Nytt og no håpar familien det går deira veg. Formannskapet skal etter planen ta stilling til reguleringsframlegget i sitt møte 9. mars.

– Til meir nytte enn skade

Sakshandsamar i Ørsta kommune ønskjer ikkje å kommentere ei sak som er til politisk behandling, men i sakspapira frå siste møte i formannskapet har administrasjonen og rådmannen kommentert merknadane frå familien Weider.

Rådmannen forstår at grunneigar oppfattar det som urimeleg at ein må utvide vegen forbi deira egedom for å kome til eit anna byggjeområde, men viser til den kommunedelplanen, som har sett av området til framtidig bustadsområde.

«Det vil vere konfliktfylt å bryte med dei vala som er gjort i den nylege vedtekne kommunedelplanen. Dette vil også ha store konsekvensar for forslagsstillar si framdrift.», skriv rådmannen.

I vurderinga av familien Weider sine merknadar, skriv rådmannen at sjølv om arealet på Weiders område i dag er LNF-område som følgje av at Fylkesmannen sette foten ned, så ligg det likevel innafor tettstadsgrensa, så på eitt eller anna tidspunkt kan det vere aktuelt å omdisponere.

Rådmannen peiker også på at vegen er skuleveg for mange, og meiner det er tvillaust at det er behov for fortau.

«Det er sjølvsagt ikkje ønskjeleg at tilgrensande grunneigarar opplever ulemper av ei utbygging dei sjølve ikkje har nytte av, men rådmannen meiner til liks med forslagsstillar at å legge til rette for attraktive bustadområde i nærleik til skule og infrastruktur inneber så stor samfunnsnytte, at inngrepet likevel tvillaust er meir til gagn enn skade.», står det i sakspapira.

– Mykje støtte

Historia har tydeleg treft ei nerve mellom folk, og han medgir at det har teke litt av. Langt dei fleste visningane - meir enn 5.500 - har vore på Facebook.

– Vi opplever å få veldig mykje støtte, også frå folk vi ikkje kjenner. Men dei som ikkje er einige, vil kanskje ikkje seie det til oss heller, seier Weider audmjukt.

Sakspapira til sist møte i formannskapet kan du sjå her frå side 173 (ekstern lenke)