Måndag la Vegvesenet fram tilråding til trase for kystvegen mellom Ålesund og Bergen. Rapporten fokuserer på traseen gjennom Sogn og Fjordane.

Vegvesenet tilrår traseen som er farga raudt. Kart: Vegvesenet

Bru over ytre del av Nordfjorden er vurdert på tre stader. Vegvesenet opplyser at dei tilrår bru på det rimelegaste punktet, som ser ut til å vere frå Tongane i Bremanger til Biskjelneset i Vågsøy.

Deretter koplar ein seg på rv. 15, og følgjer den langs fv. 61 til fylkesgrensa med Møre og Romsdal, og vidare over det planlagde Rovdefjordsambandet.

Dermed er Vegvesenet ueinig med kommunane Eid og Selje, som meiner Kystvegen må krysse Nordfjorden i bru mellom Bryggja i Selje og Otteren. Dette vil også bli ei kortare strekning.

Rapporten skal danne grunnlag for fylkeskommunen sitt arbeid med regional transportplan for 2018-2027.

Du kan laste ned heile utgreiinga her (ekstern nettside).