Ho avløyser Tormod Flatebø, som etter eige ønskje går av for å halde fram som journalist i Fjordabladet. Dette vil skje frå 1. april 2017.

Stokkenes arbeider i dag som frilansjournalist i eige firma, Nordfjord Media, etter tidlegare å ha vore tilsett som journalist og redaktør i fleire lokalaviser.

Styreleiar Lidvar Flydal seier i ein kommentar at Fjordabladet ved tilsetting av Ingebjørg Nilsen Stokkenes får ein røynd redaksjonell medarbeidar og leiar med god kjennskap til Fjordabladet sitt nedslagsfelt.

– Det gir eit godt grunnlag, saman med røynde journalistar i Fjordabladet, til å utvikle Fjordabladet sin posisjon vidare, både for papiravisa og for mediehuset sine digitale tilbod, seier Flydal.

Fjordabladet vert utgjeven i Eid og rettar seg mot lesarar i midtre Nordfjord.