Grytidleg onsdag morgon starta studentane ved Høgskulen i Volda dagen med morgonrave i Berte Kanutte-huset.

Ein av arrangørane, Peder Haugfos, seier seg nøgd etter at danserytmane har lagt seg.

– Det var ein kul måte å starte dagen på og gir super energi, fortel han og anslår at kring 85 personar var innom for å nyte «digge & dansbare rytmer», som det heitte i invitasjonen.

Vil selje Volda-miljøet

Haugfos trekk fram studenthuset Rokken og studenttinget ved leiar Karoline Strand som viktige for arrangementet, saman med samskipnaden. Sjølv er han med i ein kameratgjeng som kallar seg Fanteriet - som også var sentrale.

Raveparty er noko ein gjerne forbinder med meir utagerande høve, enn ein studiekvardag. Haugfos legg ikkje skjul på at dei gjer dette med ein slump humor, men at det óg har ei meir seriøs side.

– Vi starta opp Fanteriet for å synleggjere studentmiljøet i Volda i dei større byane og trekke studentar hit. Mellom anna har vi eit samarbeid med magasinet Natt & Dag, fortel han.

Haugfos beskriv Fanteriet som eit uoffisielt produksjonsselskap, men meiner også like gjerne kan kallast ei uformell aksjonsgruppe.

(saka held fram under)

Rektor på dansegolvet

Rektor Johan Roppen var også mellom dei som svinga seg på golvet onsdag morgon, og det var muleg å få seg frukost og kaffi takka vere sponsorar og kantina ved hogskulen.

– Mange studentarrangement er forbunde med alkohol, og vi synest det ville vere fint med eit rusfritt arrangement, seier Haugfos.

Få oversikt: Sjekk «Det skjer»-kalenderen på smp.no her