Kvinna er brakt til sjukehus.

– Ho var bevisst og tilsnakkande. Ho er køyrt til sjukehus for sjekk, seier operasjonsleiar Borge Amdam hos politiet på Sunnmøre til smp.no.

Avisa Møre skreiv om saka først.

Etter det Amdam forstår, datt ho ned frå andre etasje.

No undersøker politiet korleis det skjedde.

– Det var fleire personar i ei leilegheit då kvinna datt ned. Dersom det var eit reint uhell, er det ikkje ei politisak, seier Amdam.