Ifølgje dommen frå Søre Sunnmøre tingrett hadde mannen i 20-åra sjåfør då han var på fest 1. juledag.

Han ville ha sjåføren til å finne eit nachspiel, men fekk ikkje noko svar. Det enda med at han sjølv tok bilen og køyrde.

Enda i grøfta

Storleiken på bota blir bestemt av inntekta, og aktor i straffesaka meinte mannen burde betale 130.000 kroner i bot. Retten har teke omsyn til at mannen har noko lågare inntekt no og set bota til 80.000 kroner - som er ein og ein halv gong månadsinntekta.

Midt på føremiddagen

Retten finn det straffskjerpande at promillekøyringa fann stad i tettbygd strok, midt på føremiddagen og at køyreturen enda i trafikkuhell. På den andre sida er det formildande at mannen har tilstått.

I tillegg til bota og fengsel i 24 dagar, har retten bestemt at mannen ikkje får ha førarkort på to år.