– Det er fire basestasjonar som er ute og vi har ein teknikar no som er på veg til ein sentral som ikkje har straum. Når han har fått sett på dette, vil vi vite meir om kva som må til få å rette feilen, seier pressekontakt Magnus Linge i Telenor Norge til smp.no.

300 husstandar er ifølgje Telenor også råka ved at dei er utan breiband og fasttelefon.

Vanylven kommune opplyste på sine heimesider onsdag at dei hadde hatt problem med telefonane, men at sentralbordet var i drift att onsdag føremiddag.