Eit flertall i formannskapet i Vågsøy sa måndag ettermiddag ja til ei samanslåing med Flora kommune, melder Fjordens Tidende.

Men det er på ingen måte sikkert at dette også blir utfallet i det avgjerande kommunestyremøtet torsdag, skriv avisa.

Selje og Eid har ikkje gitt seg. Dei har sendt nytt friarbrev til Vågsøy, melder NRK Sogn og Fjordane.

Ei innbyggjarundersøking i Vågsøy seier klart nei til samanslåing med Florø.Vågsøy og Flora grensar ikkje mot kvarandre og har Bremanger kommune imellom seg. Likevel er det inngått intensjonsavtale om nye Kinn kommune, der Florø er hovudsete.