Politiet rykka ut etter melding om ein truande mann på staden. Politiet har kontroll, melder dei på Twitter.

– Det var ein mann i 40-åra som no er teke kontroll på. Saka blir meld, seier operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes i politiet til Smp.no.

– Mannen har oppført seg på ein sånn måte at personalet oppfatta han som truande, seier Holst-Dyrnes, som ikkje vil gå nærare inn på kva som gjorde at han blei oppfatta slik.

Politiet fekk meldinga 09.45, og klokka 9.59 var hadde dei kontroll.