Vogntoget sperra seint søndag kveld vegen ved Brekka i Syltefjorden, skriver lokalavisa Synste Møre. Verken vogntoget eller andre kjem seg vidare på staden, ettersom køyreytøyet effektivt sperrar vegen.

Avisa har snakka med sjåføren som opplyser at sjefen hans har lova å ordne opp, men ifølgje NRK Møre og Romsdal vil det ta noko tid. Måndag føremiddag sto framleis bilen på staden og sperra vegen til Syltedalen.

Ein bergingsbil frå Nordfjord må truleg laste om det utanlandskregistrerte vogntoget før det kjem seg av garde.