– Det kjem oppover ein konservator frå Bergen i morgon (måndag, red. anm.) som skal vurdere skadane. Så får vi sjå om gjenstandane kan takast hand om her, eller om dei må flyttast ut av kyrkja, seier han.

Det var laurdag ettermiddag at ein mann  skal ha 30-åra sett fyr på inngangspartiet til kyrkja.

Brannen vart oppdaga tidleg av eit vitne som gjorde iherdig innsats med pulverapparat på staden. Likevel fekk inngangspartiet skadar, og kyrkja vart fylt av røykgassar. Det er røykgassane ifrå brannen som gir det mest omfattande reprasjonsarbeidet.

Mannen i 30-åra vart gripen av politiet etter kort tid, etter at vitne tipsa politiet.

Konfirmasjoner

– Det er heilt klart målet vi jobbar mot, men vi er ikkje sikre på at det er mogleg enno, seier Myklebust til Møre Nytt.