(Fjordingen.no) To personar er sendt i ambulanse til Førde sentralsjukehus etter ei utforkøyring på riksveg 15 i Hornindal søndag. Ifølgje politiet dreier det seg om ei kvinne og eit barn.

Ulukka skjedde mellom Kjøs bru og avkøyringa til Jutedalen ved 14.20-tida. Bilen som var på veg i retning Stryn, kom utfor vegkanten og følgde grøftekanten om lag 40 meter bortover. Bilen trefte ein bergnabb før han stoppa heilt, og vart påført store materielle skader i fronten.

– Dei første som kom til skadestaden fortener stor ros for førsteinnsatsen, seier brannsjef Ståle Hatlelid til Fjordingen.

Skadeomfanget til dei to som sat i ulukkesbilen er ukjent, men i følgje Hatlelid var dei begge oppegåande og ute av bilen då ambulansane kom til staden.

Sikre, varsle og redde

Alle som er er innblanda eller kjem til ei ulukke er forplikta til å stoppe og hjelpe personar eller dyr som er kome til skade. Pliktene du har er regulert i paragraf 12 i Vegtrafikklova.

NAF kjem med følgjande råd ved slike tilfeller på si heimeside: Først sikre skadestaden og skaffe seg oversikt. Deretter skal ein varsle om ulukka og starte hjelpearbeidet på staden.

* Stopp bilen med litt avstand frå ulukka, slik at utrykningskjøretøy får plass. Sett på naudblink og ta på refleksvest

* Sikre skadestaden, ta leiinga om ingen andre har gjort det og sørg for at det blir sett ut varseltrekant.

* Få folk vekk frå åpenbar fare og skru av tenninga på kjøretøy om mogleg.

* Skaff oversikt og varsle naudetatane.

* Gi livreddande førstehjelp.

Denne saka blei først publisert på Fjordingen.no