Politiet rykka natt til onsdag ut til ein bustad i Gursken i Sande for å ta hand om ein full gjest som ikkje skal ha vore velkomen på staden.

Vel framme viste det seg at sambuaren til den som tilkalla politiet, ikkje var samd, og meinte dei ikkje hadde behov for politiet sin hjelp.

– Paret var ueinige om vedkomande skulle vere på deira felles eigedom og politiet drog frå staden, fortel operasjonsleiar John Bratland hos politiet på Sunnmøre.