No har kommunen stengt av hovudinngangen på bygget med eit gjerde slik at ikkje publikum utanfrå kjem seg inntil dørene. Bakgrunnen er at uvedkomande skal ha teke seg inn på byggeplassen der ein kan bli utsett for asbest.

– Eigedomsavdelinga kan ikkje ta ansvar for personar som ikkje rettar seg etter dei reglane som er oppsett i høve arbeidet som går føre seg denne sommaren, skriver kommunen på sine nettsider.

Ingen skal likevel ha vorte direkte eksponert for asbest. Men kommunen påpeiker at berre entreprenøren kan garantere for at alt er i orden med forseglingane.