Personbilen har køyrt utfor vegen, og ein vaksen og eit barn er involvert.

- Dei to er frakta med ambulanse til Ålesund sjukehus, seier vakthavande operasjonsleiar Per Åge Ferstad i politiet på Sunnmøre.

Leidningar frå stolpen heng over vegbana, og større lastebilar vil mest truleg ikkje kunne passere, opplyste politiet på twitter tidleg fredag kveld.

I 22.30-tida fortel Bjørn Strand i firmaet Eltel at det er muleg å passere for store køyretøy i eine køyrefeltet, og at dei reknar med å ha reparert skaden i løpet av rundt to timar.

Ulykka har skjedd ved avkøyringa til fylkesveg 655 Norangsdalen.