(Møre-Nytt) Med det var Hovden mellom dei flyplassane som auka mest i landet.

Avinor presenterte måndag månadstala, og dei syner at det var 9.499 passasjerar som reiste til og frå Hovden i juni. I tillegg kjem 82 passasjerar som mellomlanda.

Veksten på Hovden er størst blant kortbaneflyplassane på Vestlandet.

Så langt i år har 53.885 passasjerar reist til og frå Hovden. Det er ein vekst på 4,6 prosent.

Avinor melder ein generelt god juli for verksemda. For fyrste gong vart det registrert over fem millionar passasjerar for ein juni månad. Berre på Oslo lufthamn, Gardermoen, var det over 2,5 millionar passasjerar i juni.

Det meste av veksten kom på utanlandstrafikken.

Denne saken ble først publisert på Møre-Nytt.