(Fjordingen) – Det står att nokre justeringar og påfylling av masse på kvar side. Torsdag morgon er vi forhåpentlegvis i mål, slik ar det kan gå trafikk inn og ut av Utvik igjen, seier Sjur Lauvdal, byggjeleiar i Statens vegvesen.

Han fortel at brua består av to stålelement kvar på 21 meters lengde, og med total breidde på 4,2 meter.

– Brua er noko smalare enn vegen elles, men har same bereevne. Brua vert dermed ingen flaskehals, og er det første og viktigaste grepet for å normalisere kvardagen i Utvik, seier Lauvdal.

Det eine bruelementet er frakta på bil frå Molde, det andre frå Romerike.

– Medan bruelementa vart frakta til Utvik, har Vinsrygg Maskin mura opp steinfundament på kvar side. Fundamenta skal bere brua og samtidig beskytte mot elva.

– Dette er ei mellombels bru, men det vil uansett ta noko tid før permanent bru er på plass, seier Lauvdal.

Denne saka vart først publisert av Fjordingen.