(Vikebladet Vestposten): Det var litt over klokka 06.00 fredag morgon Ullensvang, på veg ut mologapet frå Hareid, fekk baugen inn i søre molo.

Det har versert ein teori om at årsaka skal vere svikt i styremaskinen, men assisterande regionsjef Kari Ytterland i Norled, seier til Vikebladet Vestposten at det ikkje er konkludert med kva som er den bakanforliggande årsaka til samanstøyten enno.

Ikkje promille

– Både politi, dykkarar og Sjøfartsdirektoratet har gjort sine undersøkingar fredag, førebels utan å kome med nokon konklusjon. Det eg kan seie, er at politiet har konkludert med at det ikkje er snakk om promillekøyring, seier Ytterland.

Ein passasjer til lege

– Årsaka vil bli ein del av den vidare granskinga. I dag har vi hatt fokus på å få om bord dei faginstansane som er viktige når noko slikt skjer. Ein passasjer vart sendt til legevakt, heldigvis berre med lettare skader, legg Ytterland til.

Eine propellen skadd

Dykkarar har slått fast at Ullensvang har fått skader på ein propell.

Etter samanstøyten med moloen kom Ullensvang seg inn att til ferjeleiet på Hareid, og ut på ettermiddagen gjekk ho vidare til reparasjon på Myklebust Verft i Gursken.

Redusert kapasitet

– Vi veit ikkje kor lang tid det vil ta å reparere ferja. Det vi veit er at arbeidet skal starte alt i dag. Over helga får vi nok vite meir om kor lang tid Ullensvang blir ute av drift, seier Kari Ytterland.

Ho opplyser at Norled ikkje kjem til å setje inn noko anna ferje på sambandet Hareid – Sulesund denne helga. Laurdag og søndag er det etter ruteoppsettet berre to ferjer som skal trafikkere sambandet, men sidan Høgsfjord, som skal erstatte Ullensvang, tek litt færre bilar, blir kapasiteten på sambandet noko redusert i dagane framover.

Det er venta storinnrykk til Ulsteinvik laurdag, når Ulstein Group markerer 100-årsjubileet med konsert i dokkhallen, og til bilmessa same dag. Folk bør derfor vere ute i god tid før ferjeavgangane.

Skjedd før også

Ullensvang er ikkje første ferja som har rent seg inn i molen på Hareid. Vardehorn, på veg til Hareid rende seg inn i søre molo, og det same har Melshorn gjort. Den samanstøyten var sa kraftig at krateret før det vart reparert på folkemunne fekk namnet «Melshornstøa». Ein gong var det på nippet til at ei av ferjene rende seg på moloen, men ein unnamanøver i siste liten gjorde at ho så vidt unngjekk rullesteinsfjøra på Raffelneset.

Denne saka vart først publisert av Vikebladet Vestposten