(Møre-Nytt:) Og bilane viste god fart: Vinnar av streetrace, Tor Inge Løvland frå Sandane, køyrde ein Ford Camara med 5,3 liters motor og kom opp i 135 km/t på den 140 meter lange strekninga. Sjåførane køyre mot kvarandre etter utslagsmetoden.

På andreplass kom Rita Anne Nilsen frå Trondheim, og Per Vidar Roset frå Stryn vart nummer tre.

Raskaste sjåfør vart Robert Barstad frå Vartdal. Han køyrde 140 meter på seks sekund.

Ørstingen Lorentz Flø Ose vart kåra til dagens børnar i børning-oppvisninga.

Alle bilmerke kunen ta del i streetrace, og alle bilane måtte vere godkjende for offentleg køyring.

Veret var strålande, og stemninga god. Og arrangøren, Amcar Ørsta/Volda, la ned eit bortimot prikkfritt arrangement.

BILDESERIE: Sjå stort bildegalleri hos Møre-Nytt!

Saka vart først publisert av Møre-Nytt.