Fredag er det offisiell opning av den nye miljøstasjonen til Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR) i Ulsteinvik. Kring 30 millionar har investeringa i nytt administrasjonsbygg  og miljøstasjon i Saunesmarka kosta.

– Gode tilbakemeldingar

I den nye hallen er det langt betre plass for innbyggjarar som skal levera avfall – og no er det også laga til en «gjenbruksstasjon» der ein kan sette frå seg ting ein meiner ikkje fortenar å hamne i søpla.

Dagleg leiar Einar Heimdal. Foto: Marius Rosbach

– Det har blitt ein av dei største innebygde miljøstasjonane i landet, fortel dagleg leiar Einar Heimdal.

Årsaka til det, har naturleg nok med veret å gjere. Tilbakemeldingane etter at dei har hatt «prøveope» nokre veker, er gode, fortel Heimdal.

– Det er eit heilt anna tilbod enn tidlegare og i går hadde vi over 100 besøkande her inne, seier han.

Fleire investeringar

Det interkommunale selskapet tek seg av avfallet for Ulstein, Hareid, Sande og Herøy . I desse dagar held dei også på med bygging av ny miljøstasjon i Sande som har kosta kring ti millionar.

Etter planen skal den opne i november. Og i fjor opna ein ny miljøstasjon på åtte mål på Mjølstadneset i Herøy. Den kosta drygt 13 millionar.

(saka held fram under)

Heimdal seier seg nøgd med drifta og selskapet leverte i fjor eit overskott før skatt på 4,2 millionar av inntekter på nær 47 millionar.

Undersøkingar tyder på at brukarane er meir tilfreds enn tidlegare og i løpet av dei neste åra er det planar om å starte opp henting av matavfall, ifølgje årsmeldinga for 2016.