(Foto: Carl Henrik Moltumyr)

Foto: Carl Henrik Moltumyr

Bil køyrde utfor vegen i Herøy

Brakt til sjukehus med luftambulanse.

Politiet melde ved 15.20-tida laurdag om ei trafikkulukke ved Eggesbønes i Herøy. Det dreia seg om ein bil med to menn som køyrde utfor vegen.

Alle naudetatane rykka ut til staden med betydeleg mannskap. Ambulansehelikopter kom også til staden og begge mennene blei ifølgje politiet brakt til sjukehus i dette.

Skadeomfanget er ikkje kjent, men begge dei skadde skal ha vore medvitne etter ulukka.

Ein time etter smellen, hadde politiet få opplysningar dei ville gå ut med om hendinga.

– Det er litt tidleg, men vi har vitne til det som har skjedd, opplyser operasjonsleiar John Bratland hos politiet på Sunnmøre til smp.no.

Litt seinare opplyser politiet at etterforskinga vil vise kva som har skjedd.

Spor ved ulukkesstaden tyder på  at bilen har vore ute i grøfta på eine sida, før den køyrde over køyrebana og hamna utfor vegen på andre sida. Der trefte den ein lyktestolpe og ein murkant, ifølgje vitne på staden.

Bilen kom køyrande i retning Flusund då ulukka skjedde ved rundkøyringa på fylkesveg 654 ved Hjelmeset.

 
Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

AaFK nærmer seg en løsning:

– Skal ha ny trener før nyttår

Siste jul i Volsdalstunet:

Historisk eiendom legges ut for salg

Kristtorn fra egen hage pynter tram og stue i Volsdalstunet. Etter å ha vært i familiens eie i flere hundre år pynter Mia og Ivar M. Voldsdal til sin siste jul i tunet. På nyåret legges den historiske eiendommen ut for salg.