(Morenytt.no)  På sosiale medium har det i helga kome sterke reaksjonar på at leiarar og andre interesserte i dei kristne forsamlingane i Ørsta og Volda er invitert til å delta på seminar om samkjønna samliv på Ørsta bedehus 4. oktober.

Henning Brautaset er ein av initiativtakarane. Han fortel at han ikkje har sett reaksjonane på Facebook, men svarar at seminaret er eit ærleg ønske om meir kunnskap om temaet.

– Vi er fleire som står bak dette arrangementet, og vi har arbeidd mykje med korleis vi skulle utforme og kunngjere dette. Vi veit kva styr dette har skapt før, og det har ikkje vore vårt ønske å hause dette meir opp. Her er det snakk om eit fagleg seminar, og det å skaffe seg meir kunnskap ser vi ikkje noko gale i.

Sett i lys av historia, kulturen og Bibelen

I invitasjonen står det: Leiarar og andre interesserte i dei kristne forsamlingane i Ørsta og Volda vert invitert til å delta på seminar om samkjønna samliv sett i lys av historia, kulturen og Bibelen på Ørsta bedehus.

Foredragshaldar er Bjørn Helge Sandvei. Som mangeårig lærar ved Menighetsfakultetet i Oslo, med gresk språk og kultur som spesialområde, har han god bakgrunn til å undervise på området. Han definerer seg sjølv som homofil, men lever ikkje i samkjønna samliv. For å unngå opphausing og strid, som emnet lett kan føre til, vert ikkje arrangementet kunngjort i aviser eller sosiale media.

– Det var ikkje eit forsøk på å halde møtet hemmeleg eller skjult på nokon måte. Men der er to ytterpunkt. Annonserer vi det i avisa, vert reaksjonane deretter. Held vi det skjult, kjem ingen, og ingen får ny kunnskap om temaet. Vi har prøvd oss på ein mellomting her. Men det er det nokon som ikkje har respektert, seier Brautaset.

Invitasjonen vert avslutta med dette: Bakgrunn: Temaet samkjønna ekteskap har skapt stort engasjement og mykje meiningsutveksling både i media og elles, både innanfor og utanfor kyrkjelydane. Nokre kristne leiarar i Ørsta og Volda har difor tatt initiativ til å skaffe seg meir kunnskap om temaet, og ynskjer også å gi tilbodet vidare til andre. I seminaret vert det gitt høve til spørsmål og samtale, men det er ikkje ein arena for sterke meiningsytringar eller debatt. Fokuset vårt er kunnskapsauke, bygd på Bibelen. Arrangør er enkeltpersonar.

– Eg føler invitasjonen seier sitt. Frå vår side er det ikkje snakk om ein aksjon, og det er heller ikkje lagt opp til at det skal vere ein arena for sterke meiningsytringar eller debatt. Det er kunnskap vi ønskjer. Enkelt og greitt.

- Dette kan vi ikkje akseptere

Ein av dei som reagerer på møtet, er Anbjørn Steinholm Frislid. I eit ope innlegg på Facebook-sida hans, som har vorte delt 35 gonger og fått over 30 kommentarar, har han lagt ut invitasjonen og kommenterer:

«Dette er 2017. Dette er året etter sesong 3 i SKAM. Det er midt under Jævla Homo på NRK. Dette er då vi trudde at samfunnet endeleg skulle akseptere at vi har ein stor minoritet i Noreg. Ein stor minoritet som lengtar etter å våge å vise eigen kjærleik. Tilfeldigvis er det kjærleik til personar av same kjønn.

Vi veit at sjølvmordsraten blant unge i Noreg og andre vestlege land er svært høg. Vi veit at mange av desse er skeive personar som ikkje orkar meir. Vi må gjere alt for at desse unødvendige dødsfalla må ta ein slutt, for vi som samfunn har sjølvsagt plass for alle.

Eller har vi det? Ein gjeng såkalla kristelege kameratar i Ørsta og Volda skal halde eit møte. Der kallar dei inn ein homofil som har valt å leve i sølibat. Det er hans val. Men det valet kan og skal ikkje gjelde alle. Vi er mange som meiner at kjærleik ikkje kan skjulast. Kjærleik medfører fysisk kontakt. Slik skal det vere.

Møtet på Ørsta bedehus er prøvd hald hemmeleg. Media og publikum skal ikkje vite om denne nye offensiven mot kjærleik. Ein offensiv som fører til at unge kristne som også er skeive blir pressa til å undertrykkje si eiga legning. Dette kan vi ikkje akseptere. Vis kva kjærleik er for noko. Pride.»

Møre-Nytt har ikkje lykkast i å nå Frislid for ytterlegare kommentarar.

Denne saka sto først på trykk  i Møre-Nytt