Det var to kameratar som i ettermiddag dreiv med leirdueskyting ved Telsetstranda nord for Lauvstad i Volda.

– I samband med dette vart det losna eit skot der den andre vart treft av nokre hagl, fortel vakthavande operasjonsleiar John Bratland i politiet til Sunnmørsposten. Ulukka skal ha skjedd rundt klokka 17.20.

Skaden i ansiktet skal ikkje vere alvorleg.

Våpenet som vart brukt er beslaglagt inntil saka er ferdig etterforska, opplyser operasjonsleiaren.